onsdag 14. juli 2010

Eit lys

Eg set ikkje lyset
under eit skjeppe,
der sloknar det berre
av mangel på luft.

Eg set det i staken
og vonar at glansen
og varmen frå lyset
kan glede ein ven.

Nils-Petter Enstad
14. juli 2010

torsdag 8. juli 2010

Eit eple

Eit eple lyt falle
eit stykke frå stammen.
Om ikkje
rotner det berre
i skuggen av treet.

Nils-Petter Enstad